Tippekassekjennelsen (Rt 2001 s.668)

Om kjennelsen

Omtalen er basert på utdrag av Mette Borchgrevinks framstilling i CompLex 5/11.

Tippekassekjennelsen i Rt 2001 s. 668 gjelder bevisavskjæring av hemmelig videoopptak. Kjennelsen var enstemmig, og konkluderte med at hemmelig videoopptak ble nektet ført som bevis. Denne saken er fra før aml § 9-1 trådte i kraft, men personvernhensynene som behandles i bevisavskjæringsspørsmålet er de samme som i aml § 9-1 (1), jf. (2), som henviser til personopplysningsloven. Saklighetsvurdering i kjennelsen er derfor av interesse.

En norm tilsvarende den som er definert i Gatekjøkkendommen er fastslått i Tippekassekjennelsen: Her tok det aktuelle videoovervåkningskameraet kun sikte å overvåke den personen som betjente den aktuelle kassen. Selve kameraet var skjult. Kameraet var heller ikke egnet til å overvåke andre ansatte eller kunder. Formålet med dette kameraet var å finne ut om noen ansatte stjal penger fra kassa, og Høyesteretts kjæremålsutvalg uttalte at ”Ei slik særskilt, hemmeleg og føremålsretta overvaking representerer eit vidtgåande integritetsinngrep i høve til dei tilsette.” Videre viste retten til Gatekjøkkendommen der tilsvarende synspunkt er lagt til grunn. Vektleggingen av ”vidtgående integritetsinngrep” er også vektlagt i forarbeidene til aml§ 9-1, se Ot.prp. nr. 49 (2004-2005) side 145.

I Tippekassekjennelsen var det mulig å føre bevis på en alternativ måte i form av en forhørsrapport. Kjæremålsutvalget presiserte at i den grad det ulovlige videoopptaket var en del av grunnlaget vedgåelsen og avhøret, var det ikke uten videre slik at rapporten kunne nyttes som bevis. Dersom videoopptaket er ulovlig innhentet, må også andre bevis som bygger på dette, anses som ulovlige bevis. Det ulovlige forholdet ved selve videoopptaket ”smitter over” på andre bevis som er basert på videoopptaket. Dersom man skulle kunne legge frem bevis basert på et ulovlig og avskåret bevis, ville dette kunne undergrave effekten av bevisavskjæringen for videoopptaket. En slik smitteeffekt er derfor en logisk følge og nødvendig for å sikre omgåelser. Tippekassekjennelsen gir ikke ytterligere veiledning enn dette klare signalet tilbake til lagmannsretten.

Både Tippekassekjennelsen og Tinekjennelsen illustrerer at målrettet fotografering er mindre integritetskrenkende enn vedvarende fjernsynsovervåkning. Dette er logisk, fordi det ikke har det vedvarende preget, men massiv fotografering kan få store fellestrekk med vedvarende fjernsynsovervåkning. Begrepet ”vedvarende” er også behandlet i Ølutsalgkjennelsen.

Selv om saken er fra før aml § 9-1 trådte i kraft er det ikke grunn til å tro at en tilsvarende sak ville fått et annet utfall dersom den var vurdert etter aml § 9-1.

Selve kjennelsen

Saka gjeld spørsmålet om avskjering av videoopptak som bevis i avskilssak.

Den 13. desember 1999 vart A gitt avskil frå stillinga si som butikkarbeidar hos X AS. Grunngivinga for avskilet var mistanke om eit stort underslag. Ved stemning av 10. februar 2000 reiste ho sak mot den tidlegare arbeidsgivaren med krav om at avskilet vart kjend urettmessig og ugyldig, og at ho vart tilkjent skadebot.

Under saksførebuinga opplyste X AS at dei ville ta med eit videoopptak til hovudforhandlinga, og at dette ville vise at A ved fleire høve tok pengar ut frå tippekassa i butikken. A sette fram krav om at videoopptaket måtte avskjerast som bevis. X AS motsette seg avskjering.

Bergen byrett sa 17. juli 2000 orskurd med slik slutning:

«Videoopptaket tillates ikke ført som bevis».

X AS påkjærte avgjerda til Gulating lagmannsrett som i orskurd av 25. august 2000 stadfesta byrettens orskurd.

Den 27. desember 2000 sa byretten dom i saka med slik domsslutning:

  1. X AS frifinnes for krav som gjelder avskjeden.
  2. Innen 2 – to – uker fra forkynning av dommen betaler X AS kr 12.773,- kronertolvtusensjuhundreogsyttitre – med tillegg forsinkelsesrente fra 14.12.99 til betaling skjer.
  3. Hver av partene bærer egne omkostninger.

A anka dommen til Gulating lagmannsrett, og X AS anka aksessorisk.

Under saksførebuinga kravde X AS at videoopptaket frå butikken skulle kunne leggast fram som bevis. A motsette seg dette. Førebuande dommar i lagmannsretten gjorde 1. mars 2001 vedtak om at videoopptaket ikkje vart tillate ført.

X AS har i rett tid påkjært vedtaket til Høgsteretts kjæremålsutval. Kjæremålet retta seg mot bevisvurderinga og lovbruken.

X AS har særleg halde fram:

Lagmannsretten har ikkje gjort ei sjølvstendig vurdering av om det er grunnlag for bevisavskjering. Lagmannsretten synest å ha lagt til grunn at videoopptaket tidlegare er avskore som ulovleg ærverva bevis, noko som ikkje er rett. Beviset vart tidlegare avskore fordi lagmannsretten då meinte det innebar ei vesentleg integritetskrenking av kjæremålsmotparten. Det grunnleggjande utgangspunktet i norsk rett er at partane står fritt til å føre dei bevisa dei måtte ønskje, på den måten som dei finn tenleg. Det er ikkje innvendingar mot at tungtvegande personvernomsyn førar til visse avgrensingar i dette utgangspunktet, men videoopptaket er ikkje av ein slik karakter at det kan avskjerast.

Beviset er skaffa ved at kjæremålsmotparten er fanga inn av eit videokamera som er montert i butikken, som ein del av den vanlege butikkontrollen. Bevis som er skaffa ved ein slik kontroll er ikkje illojale eller klanderverdige i den aktuelle samanhengen. Butikklokala er merka slik at kundar og tilsette har fått varsel om at det er montert kamera i butikken. Den kan ikkje ha noko å seie at også tilsette kan bli filma, at det ikkje er opplyst kvar dei aktuelle kameraa er plasserte eller at det aktuelle kameraet er plassert på eit seinare tidspunkt enn dei andre og av andre årsaker.

Å gjennomføre videoovervaking eller på annan måte føre visuell kontroll med tilsette som har hand om større kontantbeløp, er ikkje eit ekstraordinært inngrep i den personlege sfæren. Saka skil seg frå Rt-1991-616. Den skepsisen som det der vart gitt uttrykk for til enkelte typar bevis i straffesaker, er det ikkje naturleg å overføre til sivile tvistar.

Ei restriktiv haldning til denne typen bevis vil også innebere ein manglande samanheng med andre formar for innhenting av bevis. I fleire arbeidsrettssaker har det blitt godteke bevisførsel om mislege tilhøve som er provoserte fram av arbeidsgivaren. Bevisføring ved elektronisk observasjon som videoovervaking er klart mindre illojalt og klanderverdig enn provokative bevisinnhentingmetodar.

Sjølv om videoopptaket i utgangspunktet kan stå fram som ei illojal integritetskrenking, har beviset så mykje å seie for opplysninga av saka at det i alle tilfelle må tillatast ført. Videoopptaket er godt skikka til å avkrefte mistanke retta mot andre tilsette i butikken. Det går vidare klart fram av opptaket at kjæremålsmotparten tileignar seg pengar frå den aktuelle tippekasse, og videoopptaket er åleine tilstrekkeleg til å dokumentere at kjæremålsmotparten har gjort underslag hos arbeidsgivaren sin. Vidare vil videoopptaket underbyggje den vedgåinga kjæremålsmotparten skreiv under på i samband med avskilet, og som ho seinare har trekt attende.

Det er sett fram slik påstand:

  1. Videoopptaket tillates ført som bevis.
  2. X AS v/ styrets formann tilkjennes saksomkostninger.

A har teke til motmæle og særleg halde fram:

Dei tidlegare avgjerdene i saka er bygde på korrekt bevisvurdering og lovbruk. Videoopptaka viser ikkje anna enn at kjæremålsmotparten tar hand om og tar ut pengar av kassa, utan at dette på nokon måte stadfestar at ho også tileignar seg desse rettsstridig frå arbeidsgivaren.

Det er ikkje rett at lagmannsretten ikkje har gjort ei sjølvstendig vurdering i saka. Lagmannsretten har vurdert saka nøye, og visar til at det ikkje har kome fram opplysningar som tilseier at det er grunn til å komme til eit anna resultat enn ved orskurden av 25. august 2000. Det er elles ikkje noko gale med lagmannsrettens omtale av videobeviset som « ulovlig ». Dersom beviset først representerer ei rettsstridig integritetskrenking, er det også rett å omtale ervervet som ulovleg.

Det er ikkje retta innvendingar mot at den alminnelege overvakinga i lokalet som var merkt og lovleg. Dette gir likevel ikkje rett til den skjulte særovervakinga av dei tilsette. Kontrolltiltak i form av videoovervaking representerer ei uakseptabel integritetskrenking med mindre tilsette på førehand er underretta om overvakinga. Orskurden frå lagmannsretten representerer heller ikkje eit generelt forbod mot at arbeidsgivar kan ha særovervaking av eigne tilsette. Det er ikkje kontrollen som slik det blir reagert mot, men det at kontrollen skjer i det skjulte. Det blir elles vist til prinsippet i Rt-1991-616 som må komme til bruk i denne saka. Det kan ikkje være tvil om at bevis erverva ved skult kameraovervaking også kan avskjerast i sivile saker av dette slaget.

Videoopptaket har heller ikkje noka slik sentral stilling at det likevel av grunnlag for å tillate det ført. Det er ikkje rett at videoopptaket viser at kjæremålsmotparten rettsstridig tileignar seg pengar frå tippekassa, og det kan heller ikkje føre til « reinvasking »av andre tilsette. Måten videoopptaka er utførte på gjer dei verdilause som bevis.

Det er sett fram slik påstand:

  1. Gulating lagmannsretts beslutning om ikke å tillate videoopptaket ført stadfestes og kjæremålet tas ikke til følge.
  2. X AS v/ styrets formann dømmes til å erstatte A kjæremålssakens saksomkostninger med tillegg av 12 – tolv – prosent morarente fra forfall 14 dager etter forkynnelsen av kjennelsen.

Høgsteretts kjæremålsutval viser til at saka gjeld kjæremål over eit prosessleiande vedtak frå førebuande dommar i lagmannsretten. Utvalet peikar på at avgjerda frå førebuande dommar er knapp, men at det i avgjerda er gitt tilslutning til orskurden frå lagmannsretten av 25. august 2000 i høve kjæremål over tilsvarande prosessleiande vedtak frå heradsretten. Utvalet har full kompetanse i saka og har tilstrekkeleg grunnlag for avgjerda.

Tvisten gjeld eit bevis i form av videoopptak. Det var sett opp oppslag om at det var videoovervaking i butikken. Samstundes er det slik at det aktuelle videokameraet over tippekassa var sett opp ei tid etter og uavhengig av denne overvakinga, og at dette videokameraet berre tok sikte på å overvake personalet som ekspederte denne kassa. Kameraet var skjult, slik at det ikkje kunne oppdagast av dei tilsette. Den framlagde videoen viser at kameraet ikkje i det heile kunne fange inn kundar som vart ekspederte.

Utvalet tek utgangspunkt i at det på visse vilkår er høve til overvaking av eit butikklokale gjennom bruk av overvakingskamera og der opptaka blir lagra. Ei slik overvaking vil gi informasjon om både kundar og tilsette. Allmenn butikkoververvaking på denne måten var tydeleg varsla i butikklokalet til kjæreparten, og det kan ikkje rettast innvendingar mot denne forma for videoovervaking. Det er ikkje denne forma for overvaking som tvisten her gjeld.

Føremålet med videokameraet over tippekassa var å finne ut om nokon av dei tilsette tok pengar frå denne kassa. Ei slik særskilt, hemmeleg og føremålsretta overvaking representerer eit vidtgåande integritetsinngrep i høve til dei tilsette. Sjølv om også ei alminneleg videoovervaking av eit butikklokale vil kunne fange inn tilsette, er karakteren av denne ei anna enn av ei slik målretta overvaking av dei tilsette. Klare personvernomsyn talar etter utvalet sitt syn for at eit slikt opptak i utgangspunktet ikkje er skaffa fram på lovleg måte. Utvalet viser her til Rt-1991-616 der dette synspunktet er lagt til grunn i høve hemmelege opptak frå eit kamera som skulle gi bilete på ein biletskjerm plassert på eit pauserom for at dei tilsette skulle kunne følgje med i ekspedisjonslokalet. Denne avgjerda gjaldt ei straffesak, men utvalet finn at utgangspunktet må vere det same i ei avskilssak. I Rt-1997-795 la Høgsterett til grunn at utskrift av eit hemmeleg lydbandopptak kunne avskjerast på ulovfesta grunnlag i ei sak om samversrett. Sjølv om denne saka gjaldt eit anna sakstilhøve enn vår sak, viser ho at det ikkje berre er bevis som er skaffa fram ved strafflagde handlingar, som kan avskjerast.

Sjølv om innhentinga av bevis som utgangspunkt ikkje var lovleg, vil det likevel vere spørsmål om beviset skal nektast ført. I avgjerda i Rt-1991-616 på side 623 er det sagt om dette:

«Spørsmålet er ikke lovregulert, men forarbeidene til straffeprosessloven forutsetter at avgjørelsen må treffes ut fra en konkret bedømmelse, se særlig Straffeprosesslovkomiteens innstilling side 197. Det må ved denne bedømmelse legges vekt både på de prinsipielle hensyn og på forholdene i den konkrete sak.»

Høgsterett kom der til at vesentlege personvernomsyn måtte gå før omsynet til opplysing av saka.

Det er i denne saka tale om ei alvorleg integritetskrenking. Målretta, hemmeleg videoovervaking på arbeidsplassen vil av ein arbeidstakar måtte opplevast som sterkt krenkande. Som framheva i Rt-1991-616 vil domstolane ved si allmenne haldning til slike bevis kunne motvirke bruk av bevis som er skaffa fram på ein slik måte. Utvalet finn grunn til å understreke at det følgjer av dette at det ikkje i seg sjølv har vekt at slik overvaking då kan tenkjast å kunne vise at det har skjedd strafflagde handlingar. Omfang og karakter av saka gir ikkje grunn til å sjå bort frå utgangspunktet om at eit hemmeleg opptak av denne typen ikkje bør kunne leggjast fram. Prinsipielle omsyn her må vege tyngre enn den konkrete vekta eit slik opptak kan tenkjast å ha som bevis i saka.

I orskurden av 25. august 2000 la lagmannsretten vekt på at kjæreparten kunne føre bevis på ein alternativ måte, nemleg gjennom framlegging av ein avhøyrsrapport datert 13. desember 1999 som inneheld ei vedgåing frå kjæremotparten. Utvalet finn grunn til å peike på at i den grad den ulovlege innhentinga av videoopptak var ein del av grunnlaget for avhøyret og vedgåinga, er det ikkje utan vidare slik at rapporten – eller vitneprov om innhaldet i avhøyret – kan nyttast som bevis. Omsynet til effektiv avskjering av videobeviset kan føre til at også bevis som byggjer på dette må nektast førte. Om videoopptaket var ein del av grunnlaget for det som kom fram i avhøyret, må lagmannsretten eventuelt ta standpunkt til i den vidare saksgangen.

Utvalet er etter dette kome til at kjæremålet må forkastast.

Kjæremålsmotparten må tilkjennast sakskostnader. Nødvendige sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval blir sette til 4 000 kroner.

Orskurden er samrøystes.

Slutning: 

  1. Kjæremålet blir forkasta.
  2. I sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval betaler X AS 4.000 – firetusen – kroner til A innan 2 – to – veker frå forkynninga av denne orskurden, med tillegg av den alminnelege forseinkingsrenta etter forseinkingsrentelova § 3 første ledd første punktum, for tida 12 – tolv – prosent årleg rente, frå utgangen av oppfyllingsfristen til betaling skjer.